Brud

Skal du stå brud - vi vil hjelpa deg med å gjere dagen fullkomen

Vi har lang og god erfaring i oppsett og sminke av brud. Våre frisørar/stylistar/make-up artistar er klare til å veilede deg gjennom den store dagen. Prøvetimen er inkludera i prisen. 

Her tek vi oss god tid til saman å finne ut korleis hår og make-up skal sjå ut. Vi kan sjå på bilete saman, vi tilpassar det kvar enkelt, og finn fram til akkurat den stilen som passar deg og slik du trivst best. Du skal vere spesielt vakker denne dagen, men det er også viktig at det blir naturleg og gjenkjenneleg.

Som brud kan du kome til salongen å få ein avslappande formiddag der, saman med forlovar og evt.andre. Vi vil legge til rette for at det blir ein fin og berolegande før-tid. Eller så kjem vi gjerne dit du aller helst vil vere, om det er heime, på hotellet eller ein anna stad.

nb_NONorsk bokmål
nn_NONorsk nynorsk nb_NONorsk bokmål