Bli ny dag
Velkomen til Balanzera
Trude Lundevall, eigar av frisørkjeda Balanzera, starta frisørkarriera allereie som 16-åring. Etter 3 år utvikla ho allergi i luftvegane på grunn av dei sterke kjemikaliane ho arbeidde med og måtte slutte i jobben som frisør.
Etter å ha vore vekk frå yrket i eit år oppdaga ho salongkjeda Zenz i Danmark. Her nytta dei berre økologiske og «reine» produkt, (produkt utan miljøskadelege eller helseskadelege ingrediensar). Eit nydeleg alternativ som gjorde at ho kunne halde fram som frisør. Trude arbeidde to år i København før ho i 2008 opna Balanzera på Grünerløkka i Oslo.
10 år seinare, i 2018 opna ho opp ein ny avdeling i heimbygda Kviteseid.
Og i januar 2019 starta Trude og Mia Madelen Ødegaard opp endå ei avdeling på Bislett i Oslo, som vi nå har flytta til Frogner. Ein avslappande oase rett rundt hjørnet for pulserande Bogstadveien.