Opplev Balanse og Velvære

Velkomen til Balanzera

Vi kombinerer frisør handverket med filosofi inspirert av yoga og meditasjon. Våre kjerneverdier fokuserer på personleg velvære og beviste val til det beste for miljøet.

Våre salongar med omtanke for deg

Re-opna salong rett ved Bogstadveien!

Opna fyrst på Bislett i 2019, flytta til Frogner i desember 2023, med same dyktige personale. Dagleg leiar Mia Madelen Ødegaard og Trude Lundevall står bak. Mia har lang erfaring frå Grünerløkka og Bislett.

Den nye salongen er blitt ein nydeleg oase der både frisørar og kundar trivst. Frisørane er spesielt flinke på langt hår – klipp, fargedesign og styling – og er ekspertar på makeup og hairextensions.

Kviteseid-salongen opna i 2018 då Trude Lundevall flytta heim til Vest-Telemark med familien. Salongen ligg i eit stort, lyst lokale midt i Kviteseidbyen. Her er det eigen vaskesone og utsikt over Telemarkskanalen – perfekt for ei hårspa-oppleving.

Salongen følgjer same konsept som dei andre, med fokus på grøne produkt, velvære og frisørarbeid av høgste kvalitet. I tillegg finn du voksterapeut, naprapat, coach og yogastudio i lokalet.

Salongen vart opna i 2008 av Trude Lundevall og var ein av dei fyrste i Norge som satsa på grøne frisørprodukt. Her finn du både frisørar som har vore med frå starten og nye, dyktige tilskot.

Ein roleg oase midt i den pulserande byen. Lang erfaring, varierte kundar og alle slags hårtypar – akkurat som bydelen ellers.

Våre tjenester og verdiar

Konsultasjon

Konsultasjonen er den viktigaste delen av behandlinga. Det er her vi saman med deg skal kome fram til kva for frisyre som passar deg best. Både når det gjeld anatomiske forutsetningar, hårkvalitet og stil. Dine ønskje og personlege smak skal kome fram og bli høyrt og vi set difor av god tid til denne prosessen av behandlinga.

God tid

Vi set av god tid til kvar enkelt kunde. Frisørane våre har aldri to kundar samtidig, så all merksemd går til deg aleine.

Vask og hovudmassasje

Før hårvask sjekkar vi alltid hår og hovudbotn, og vel sjampo, balsam eller kur etter kva som passar best.  Og avsluttar vaskebehandlinga med ein god massasje av hovudbotn, medan du lyttar til avslappande musikk.

Tips og informasjon

Vi vil gje deg tips og informasjon om produkt som passar til deg og korleis du best mogleg kan style frisyra heime. Føhn og styling er sjølvsagt inkludert i prisen.

Kaffe, frukt og fotbad

Under hårspa-behandlingar og fargebehandlingar får du alltid tilbod om fotbad, kaffe frå Tim Wendelboe eller økologisk te, frukt og snacks.

Utan farlige kjemikalier

Vi har god kontakt med andre frisørar og miljøorganisasjonar i Norge og Danmark, -der dei har eit stort forskingsmiljø på desse områda. Produkta vi nyttar i salongen er testa og godkjente som eit sundt alternativ av Københavns miljøkontroll og Videncenteret for frisører ved Gentofte hospital i København.

Kva Folk seier om oss

“Fantastisk frisør!”

«Hodebunnsmasasjen, som forøvrig var en av de beste hodebunnsmasasjene jeg noensinne har fått, varte i alle fall i 10 minutter hvis ikke så mye som 15. I tillegg serverte de herlig økologisk te og frukt.

Svein H – Gulesider

“Magisk atmosfære”

«Atmosfæren i Balanzera var magisk! anbefales på det sterkeste!»

Isabell – Yelp

“Flinke frisører”

«Flinke frisører, gode på farge og klipp og veldig god service med det lille ekstra. Får alltid servert te/kaffe, nøtter og frukt og en ekstra lang hodemassasje»

Melinda – Google

«For en opplevelse»

«For en opplevelse!  Avslappende atmosfære, dyktige frisører, gode produkter. Det var en utrolig deilig pause i hverdags stresset. Anbefales på det sterkeste»

Leili – Facebook

nb_NONorsk bokmål