BALANZERA

-med omtanke for deg og miljøet
Bestill time
Med omtanke for deg

Vi gler oss til å gje deg all den tryggleik, omsorg og luksus du måtte trenge i denne krevande tida.

Konsultasjon

Konsultasjonen er den viktigaste delen av behandlinga. Det er her vi saman med deg skal kome fram til kva for frisyre som passar deg best. Både når det gjeld anatomiske forutsetningar, hårkvalitet og stil. Dine ønskje og personlege smak skal kome fram og bli høyrt og vi set difor av god tid til denne prosessen av behandlinga.

God tid

Vi set av god tid til kvar enkelt kunde. Frisørane våre har aldri to kundar samtidig, så all merksemd går til deg aleine.

Vask og hovudmassasje

Før hårvask sjekkar vi alltid hår og hovudbotn, og vel sjampo, balsam eller kur etter kva som passar best.  Og avsluttar vaskebehandlinga med ein god massasje av hovudbotn, medan du lyttar til avslappande musikk.

Tips og informasjon

Vi vil gje deg tips og informasjon om produkt som passar til deg og korleis du best mogleg kan style frisyra heime. Føhn og styling er sjølvsagt inkludert i prisen.

Kaffe, frukt og fotbad

Under hårspa-behandlingar og fargebehandlingar får du alltid tilbod om fotbad, kaffe frå Tim Wendelboe eller økologisk te, frukt og snacks.

Utan farlige kjemikalier

Vi har god kontakt med andre frisørar og miljøorganisasjonar i Norge og Danmark, -der dei har eit stort forskingsmiljø på desse områda. Produkta vi nyttar i salongen er testa og godkjente som eit sundt alternativ av Københavns miljøkontroll og Videncenteret for frisører ved Gentofte hospital i København.
Omtaler

Kva folk seier om oss

“Fantastisk frisør!”

«Hodebunnsmasasjen, som forøvrig var en av de beste hodebunnsmasasjene jeg noensinne har fått, varte i alle fall i 10 minutter hvis ikke så mye som 15. I tillegg serverte de herlig økologisk te og frukt.

Svein H – Gulesider

“Magisk atmosfære”

«Atmosfæren i Balanzera var magisk! anbefales på det sterkeste!»

Isabell – Yelp

“Flinke frisører”

«Flinke frisører, gode på farge og klipp og veldig god service med det lille ekstra. Får alltid servert te/kaffe, nøtter og frukt og en ekstra lang hodemassasje»

Melinda – Google

«For en opplevelse»

«For en opplevelse!  Avslappende atmosfære, dyktige frisører, gode produkter. Det var en utrolig deilig pause i hverdags stresset. Anbefales på det sterkeste»

Leili – Facebook

Send oss ei melding

nb_NONorsk bokmål