Behandlingar
I salongen vår set vi av god tid til kvar kunde.
I løpet av timen din vil du fyrst og fremst få ein god konsultasjon.
Slik at både du og frisøren din er sikre på at de saman kjem fram til eit godt resultat.
Vi analyserer hår og hovudbotn.
Under hårvasken gir vi deg god massasje i hovudbotn, medan du lyttar til avslappande musikk.
Og har massasje i stolryggen.
Føn og styling er alltid inkludera i prisen.
Vi gjev deg tips og informasjon om produkt som passar til deg.
Vi utfører alle typer behandlingar som er vanleg å få hos konvensjonelle frisørsalongar,
bortsett frå å ta permanent og farging av vipper og bryn.
Til desse behandlingane har vi ennå ikkje funne alternativ som er reine nok,
og frie for skadelege ingredienser.
Kvar enkelt av frisørane våre har aldri to kundar samtidig, så all merksemd går til deg aleine.
Under ein hairspa-behandling eller fargebehandling får du alltid tilbod om fotbad.
Der tilsett me aromaterapeutiske oljer, som anten har ein roande, balanserande eller oppkvikkande effekt.
Du vil få tilbod om økologisk kaffi, te og frukt.
Vi gler oss til å gje deg all den omsorg og luksus du måtte trenge i ein elles hektisk kvardag.
Velkommen til oss!


