Kvifor velje oss i balanzera?
Vi tilbyr behandlingar av høg kvalitet.
Tek oss svært god tid til kvar enkelt kunde og forsikrar oss om at vi forstår kunden sitt ønskje og behov.
Slik unngår vi unødvendige misforståingar.
Kreativitet er ein viktig del av salongdrifta og vi elskar å finne på nye ting!
Vi held oss oppdatert i motebilde, samtidig tek vi sjølvsagt omsyn til kva som kler deg, passar håret ditt og ansiktsforma di.
Vi brenn for å drive ein frisørsalong med dei reinaste og beste frisørprodukta på marknaden.
Frisørane hos oss har eit sunt arbeidsmiljø og mindre sjanse for å utvikle allergi.
Dei er ikkje lenger trøyte og slit ikkje lenger med hovudpine.
I konvensjonelle frisørsalongar er dette svært vanleg, der dei kjemiske stoffa svevar i lokala heile dagen.
Vi har god kontakt med andre frisørar og miljøorganisasjonar i Danmark, der forskinga på området har komme lenger enn her heime. Produkta vi brukar i salongen er testa og godkjent som eit ”sundt alternativ” av Københavns miljøkontroll, og Videncenteret for frisører ved Gentofte hospital i København. Vi er sertifiserte som ”Grønn frisør” av Fagforbundet i Norge og Frisørenes Fagforening.
Vi har gode faglege kunnskapar, veit kva slags stoff vi arbeider med og kva vi skal unngå.
Vi held oss derfor så godt som mogleg vekk frå produkt som inneheld allergiframkallande,
hormonforstyrrande og kreftframkallande stoff.
Det gjer at våre produkt er eit tryggare alternativ for allergikarar, folk med sensitiv hud, gravide
og alle andre som er bevisste på helse og miljø.
Hos oss kan du slappe av og kose deg ei roleg atmosfære mens du får ordna håret ditt.
Om du vil kan du få eit aromafotbad mens fargen eller hårkuren virkar.
Når vi vaskar håret ditt kan du få massasje i stolryggen og roande massasje av hovudbotnen.
Du vil også få tilbod om servering av økologisk kaffi, te og frukt.
Alle ekstra tilbod er sjølvsagt inkludert i prisen.


