Historie

 

Trude, eigaren av salongen balanzera, starta karriera som frisør allereie som 16-åring.

Men, etter bare 3 år utvikla ho allergi i luftvegane.

Det oppsto på grunn av dei sterke kjemikaliane ho arbeida med.

Ho trudde at ho måtte slutte i jobben som frisør.

 

Men, etter 1 år oppdaga ho at det var ein frisørsalong i Danmark som heitte Zenz.

Her nytta dei bare økologiske og naturlege produkt.

Trude hadde  funne eit alternativ som gjorde at ho likevel kunne fortsette som frisør.

Ho arbeida i salongen i København frå 2006 til 2008, og fekk god opplæring og mykje inspirasjon.


I oktober 2008 opna ho -balanzera organic hairdressing-, på Grünerløkka i Oslo.

 

Vi har i dag tre tilsette frisørar og verksemda er i sterk vekst.

 

Det er tydeleg at folk i Norge har blitt meir bevisste på sunt miljø og ei sunn helse.

 

 

 

 

 

 

 




balanzera AS  Sofienberggata 2B  0551 Oslo  Tel 22 04 11 66  salong(at)balanzera.no
Utforming: kandesign